Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 1:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.

2. Han sa: Herren brøler frå Sion,frå Jerusalem ljomar røysta hans.Beitemarkene til gjetarane skal sørgja,Karmels topp skal tørka.

3. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Damaskus, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei treskte Gilead med jerntaggar.

4. Eg sender eld mot Hasaels hus,han skal øyda Ben-Hadads borger.

5. Eg bryt sund portbommen i Damaskus,ryddar ut han som tronar i Aven-dalen,og han som ber septer i Bet-Eden.Folket i Aram skal i eksil til Kir,seier Herren.

6. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Gaza, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei dreiv alle i eksil og gav dei over til Edom.

7. Eg sender eld mot muren kring Gaza,han skal øyda borgene hennar.

8. Eg ryddar ut han som tronar i Asjdod,og han som ber septer i Asjkalon.Eg lyfter handa mot Ekron,og resten av filistrane skal gå til grunne,seier Herren Gud.

9. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Tyros, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei gav over til Edom alle som dei dreiv i eksil,dei kom ikkje pakta mellom brør i hug.

10. Eg sender eld mot muren kring Tyros,han skal øyda borgene der.

11. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Edom, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei jaga brørne sine med sverd,dei viste inga miskunn.Dei heldt alltid fast på sin harme,vreiden vakta dei i det endelause.

12. Eg sender eld mot Teman,han skal øyda borgene i Bosra.

13. Så seier Herren:Tre ugjerningar av ammonittane, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei skar opp gravide i Gileadog utvida grensene sine.

14. Eg set fyr på muren kring Rabba,eld skal øyda borgene derunder kampropa på stridens dag,i stormen på uvêrsdagen.

15. Då skal kongen deira gå i eksilsaman med stormennene,seier Herren.

Les hele kapitlet Amos 1