Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 9:8-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Ved Horeb vekte de Herrens harme. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk.

9. Då eg gjekk opp på fjellet for å ta imot steintavlene, tavlene med pakta som Herren hadde gjort med dykk, vart eg verande på fjellet i førti dagar og førti netter utan å eta brød og utan å drikka vatn.

10. Herren gav meg dei to steintavlene, skrivne med Guds finger. På dei stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut frå elden på fjellet den dagen de var samla der.

11. Då dei førti dagane og nettene var over, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene.

12. Og Herren sa til meg: «Stå opp og skund deg ned herifrå! Folket ditt, som du førte ut frå Egypt, har gjort noko forferdeleg. Dei har vore snare til å ta av frå den vegen eg sa dei skulle gå. Dei har støypt seg eit gudebilete.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 9