Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 9:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. For eg var redd at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville utrydda dykk. Men Herren høyrde bøna mi denne gongen òg.

20. Sjølv mot Aron var han så harm at han ville utsletta han. Difor bad eg òg for Aron den gongen.

21. Og synda de hadde gjort, kalven, tok eg og brende. Eg knuste han og mol han til fint støv. Så kasta eg støvet i bekken som renn ned frå fjellet.

22. I Tabera, Massa og Kibrot-Hattaava vekte de òg Herrens harme.

23. Og då Herren sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle dra opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, sette de dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på røysta hans.

24. Så lenge eg har kjent dykk, har de gjort opprør mot Herren.

25. Så fall eg ned for Herrens andlet og låg der i førti dagar og førti netter fordi Herren hadde sagt at han ville utrydda dykk.

26. Og eg bad til Herren og sa: «Herre, min Gud, øydelegg ikkje ditt eige folk som du fria ut i ditt velde og førte ut frå Egypt med sterk hand.

27. Hugs tenarane dine, Abraham, Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor hardt, lovlaust og syndig dette folket er!

28. Elles kunne dei seia i det landet du førte oss ut frå: Herren makta ikkje å føra dei til det landet han hadde lova dei. Han hata dei, og difor førte han dei ut i ørkenen for å døy.

29. Dei er då ditt folk og din eigedom, som du har ført ut med di store kraft og din utstrekte arm.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 9