Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 9:13-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Og Herren sa til meg: «Eg har sett dette folket. Sjå for eit stivnakka folk det er!

14. Gå frå meg, så eg kan utrydda dei og utsletta namnet deira under himmelen. Deg vil eg gjera til eit folk som er sterkare og større enn dette.»

15. Så snudde eg meg og gjekk ned frå det brennande fjellet. I begge hender hadde eg dei to pakttavlene.

16. Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren dykkar Gud og laga dykk ein støypt kalv. De hadde vore snare til å ta av frå den vegen Herren hadde sagt de skulle gå.

17. Med begge hendene greip eg dei to tavlene og kasta dei frå meg så dei vart knuste framfor auga dykkar.

18. Så fall eg ned framfor Herrens andlet slik eg før hadde gjort. I førti dagar og førti netter åt eg ikkje brød og drakk eg ikkje vatn, for de hadde synda, gjort det som vondt er i Herrens auge og gjort han rasande.

19. For eg var redd at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville utrydda dykk. Men Herren høyrde bøna mi denne gongen òg.

20. Sjølv mot Aron var han så harm at han ville utsletta han. Difor bad eg òg for Aron den gongen.

21. Og synda de hadde gjort, kalven, tok eg og brende. Eg knuste han og mol han til fint støv. Så kasta eg støvet i bekken som renn ned frå fjellet.

22. I Tabera, Massa og Kibrot-Hattaava vekte de òg Herrens harme.

23. Og då Herren sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle dra opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, sette de dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på røysta hans.

24. Så lenge eg har kjent dykk, har de gjort opprør mot Herren.

25. Så fall eg ned for Herrens andlet og låg der i førti dagar og førti netter fordi Herren hadde sagt at han ville utrydda dykk.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 9