Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 9:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Høyr, Israel! Du skal i dag gå over Jordan og dra inn for å driva bort folkeslag som er større og sterkare enn du, for å ta store byar med himmelhøge festningsmurar.

2. Eit stort og høgvakse folk er anakittane, som du veit. Du har høyrt at det blir sagt: «Kven kan stå seg mot anakittane?»

3. Men i dag skal du vita at Herren din Gud sjølv går føre deg som ein øydande eld. Han vil utrydda dei og kua dei så du raskt kan driva dei bort og gjera ende på dei, slik som Herren har sagt deg.

4. Når Herren din Gud driv dei ut for deg, må du ikkje seia i hjartet ditt: «Det er fordi eg er rettferdig at Herren har late meg koma inn i dette landet og leggja det under meg.» Nei, det er fordi dei har gjort urett at Herren tek landet frå desse folkeslaga.

5. Det er ikkje fordi du er rettferdig og rettvis at du får gå inn og leggja landet deira under deg. Nei, fordi dei har gjort urett, tek Herren din Gud landet frå desse folkeslaga, og fordi Herren vil halda den lovnaden han med eid gav fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

6. Så skal du då vita at det ikkje er på grunn av di rettferd Herren din Gud lèt deg få ta dette gode landet, for du er eit stivnakka folk.

7. Hugs det, og gløym aldri korleis du vekte Herren din Guds harme i ørkenen. Heilt frå den dagen du gjekk ut frå Egypt og til de kom til denne staden, har de stadig gjort opprør mot Herren.

8. Ved Horeb vekte de Herrens harme. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk.

9. Då eg gjekk opp på fjellet for å ta imot steintavlene, tavlene med pakta som Herren hadde gjort med dykk, vart eg verande på fjellet i førti dagar og førti netter utan å eta brød og utan å drikka vatn.

10. Herren gav meg dei to steintavlene, skrivne med Guds finger. På dei stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut frå elden på fjellet den dagen de var samla der.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 9