Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 8:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de trufast følgja. Då skal de få leva og bli talrike og få koma inn og ta i eige det landet som Herren med eid lova fedrane dykkar.

2. Hugs den lange vegen som Herren din Gud førte deg desse førti åra i ørkenen. Han ville audmjuka deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjartet ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje.

3. Han audmjuka deg; han lét deg svelta og lét deg eta manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød; mennesket lever av kvart ord som kjem frå Herrens munn.

4. Kleda du hadde på deg, vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 8