Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 7:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. For dei vil få borna dine til å venda seg bort frå meg og dyrka andre gudar. Då kjem Herrens harme til å loga mot dykk, og han vil snart utrydda deg.

5. Nei, slik skal de gjera med dei: Riv ned altara deira, slå sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og brenn gudebileta.

6. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Blant alle folk på jorda har Herren din Gud valt deg ut til å vera hans folk, hans kostelege eigedom.

7. Når Herren hadde godhug for dykk og valde dykk ut, var det ikkje fordi de var større enn alle andre folk; for de er det minste av alle folka.

8. Men fordi Herren elska dykk og ville halda den eiden han hadde svore fedrane dykkar, førte Herren dykk ut med sterk hand. Han fria deg ut frå slavehuset, frå handa til farao, egyptarkongen.

9. Så vit då at det er Herren din Gud som er Gud, den trufaste Gud som held si pakt og viser kjærleik i tusen ledd mot dei som elskar han og held boda hans,

10. men som gjev att i same stund og gjer ende på dei som hatar han. Han er ikkje sein med å straffa den som hatar han.

11. Så hald då fast ved dei boda, forskriftene og lovene som eg gjev deg i dag, og lev etter dei.

12. Dersom de høyrer desse lovene, held dei og gjer etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si pakt og sin kjærleik som han med eid lova fedrane dine.

13. Han skal elska deg og velsigna deg og gjera deg talrik. Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje, det som blir fødd av storfe, og det som kjem til av småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 7