Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 7:19-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. dei mektige gjerningane, teikna og undera som auga dine såg då Herren med sterk hand og utstrekt arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd.

20. Herren din Gud skal jamvel senda ein bisverm over dei, heilt til alle som er att eller har gøymt seg for deg, har gått til grunne.

21. Lat deg ikkje skremma av dei, for Herren din Gud er hos deg, ein Gud som er stor og vekkjer frykt.

22. Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folkeslaga ut for deg. Du kan ikkje gjera ende på dei med ein gong, for då kunne villdyra bli for mange for deg.

23. Herren din Gud skal gje folka over til deg og spreia stor forvirring blant dei, til dei er utrydda.

24. Han skal gje kongane deira i dine hender, og du skal utsletta namna deira under himmelen. Ingen skal kunna stå seg mot deg til du har utrydda dei.

25. Gudebileta deira skal de brenna opp. Bli ikkje freista til å ta sølvet og gullet som er på dei og ha det for dykk sjølve. Då blir du fanga i ei felle, for det er avskyeleg for Herren din Gud.

26. Lat ikkje dette avskyelege koma inn i huset ditt; då blir du bannlyst liksom det. Du skal inderleg avsky det og halda det for avskyeleg, for det er bannlyst.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 7