Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 7:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når no Herren din Gud fører deg til det landet som du er på veg til og skal leggja under deg, vil han driva ut mange folkeslag for deg: hetittane, girgasjittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, sju folkeslag som er større og sterkare enn du.

2. Når Herren din Gud gjev dei i di makt, så du vinn over dei, skal du slå dei med bann. Du må ikkje gjera noka pakt med dei og ikkje visa dei nåde.

3. Du må ikkje knyta slektsband med dei. Gjev ikkje dotter di til son hans, og ta ikkje dotter hans til kone for son din.

4. For dei vil få borna dine til å venda seg bort frå meg og dyrka andre gudar. Då kjem Herrens harme til å loga mot dykk, og han vil snart utrydda deg.

5. Nei, slik skal de gjera med dei: Riv ned altara deira, slå sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og brenn gudebileta.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 7