Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 5:21-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din. Du skal ikkje ha lyst på huset eller jorda til nesten din, slaven eller slavekvinna, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

22. Desse orda tala Herren med høg røyst til heile dykkar forsamling på fjellet, ut frå elden, skya og skodda. Han la ikkje til noko. Han skreiv orda på to steintavler og gav dei til meg.

23. Då de høyrde røysta ut frå mørkret medan fjellet stod i lys loge, kom de til meg, alle stammehovdingane og dei eldste iblant dykk,

24. og sa: «Sjå, Herren vår Gud har synt oss sin herlegdom og sitt velde, og vi har høyrt røysta hans ut frå elden. I dag har vi sett at menneske kan høyra Gud tala og endå få leva.

25. Kvifor skal vi då døy no? Denne store elden kjem til å gjera ende på oss. Høyrer vi endå lenger på røysta til Herren vår Gud, så døyr vi.

26. For finst det nokon skapning som har høyrt den levande Gud tala ut frå elden, slik som vi, og endå fått leva?

27. Gå du bort dit og høyr kva Herren vår Gud seier! Så kan du fortelja oss alt det som Herren vår Gud seier til deg, og vi skal høyra det og leva etter det.»

28. Då Herren høyrde kva de sa til meg, sa han: «Eg har høyrt kva dette folket sa til deg. Det er rett alt det dei seier.

29. Måtte dei berre ha eit slikt hjarte at dei fryktar meg og held alle boda mine så lenge dei lever! Då skal det alltid gå dei og borna deira vel.

30. Gå og sei til dei: Dra tilbake til telta dykkar!

31. Men du skal stå att her hos meg. Eg vil leggja fram for deg alle boda, forskriftene og reglane som du skal læra dei, for at dei skal leva etter dei i det landet eg gjev dei til eige.»

32. Så følg då trufast det som Herren dykkar Gud har pålagt dykk. Vik ikkje av til høgre eller venstre!

33. Følg alltid den vegen som Herren dykkar Gud har pålagt dykk å gå! Då skal de få leva. Det skal gå dykk vel, og de skal få bu lenge i det landet de tek til eige.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 5