Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 5:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Moses kalla saman heile Israel og sa til dei: Høyr, Israel, dei forskriftene og lovene som eg kunngjer dykk i dag. Lær dei, og legg vinn på å leva etter dei!

2. Herren vår Gud gjorde ei pakt med oss ved Horeb.

3. Det var ikkje med fedrane våre Herren gjorde den pakta, men med oss, alle vi som lever og er her i dag.

4. Andlet til andlet tala Herren med dykk på fjellet, ut frå elden.

5. Eg stod mellom Herren og dykk den gongen og kunngjorde Herrens ord for dykk. For de var redde elden og gjekk ikkje opp på fjellet. Han sa:

6. Eg er Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

7. Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

8. Du skal ikkje laga deg gudebilete av nokon skapnad oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.

9. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg freista til å dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,

10. men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.

11. Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.

12. Du skal akta på sabbatsdagen og halda han heilag, slik Herren din Gud har bode deg!

13. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,

14. men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren som bur i byane dine, slik at slaven og slavekvinna skal få kvila, dei som du.

15. Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og utstrekt arm. Difor har Herren din Gud pålagt deg å halda sabbatsdagen.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 5