Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 34:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Men til denne dag har ingen visst kvar grava hans er.

7. Moses var hundre og tjue år gammal då han døydde, men auga hans var endå ikkje matte, livskrafta var ikkje borte.

8. Israelittane gret over Moses på slettene i Moab i tretti dagar, heilt til sørgjetida var slutt.

9. Josva, son til Nun, var fylt med visdoms ånd fordi Moses hadde lagt hendene på han. Og israelittane lydde han og gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.

10. Aldri meir steig det fram i Israel ein profet som Moses, ein som Herren gav seg til kjenne for andlet til andlet.

11. Kom i hug alle dei teikn og under Herren sende han for å gjera i Egypt, med farao og alle tenarane hans og heile landet hans.

12. Og kom i hug den sterke handa og alle dei store, skremmande gjerningane som Moses gjorde for auga på heile Israel.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 34