Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 34:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så gjekk Moses frå slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligg rett imot Jeriko. Og Herren viste han heile landet: Gilead like til Dan,

2. heile Naftali, Efraims og Manasses land og heile Judas land til havet i vest,

3. Negev og Jordan-sletta ved Jeriko-dalen – Palmebyen – heilt ned til Soar.

4. Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje etterkomarane deira. No har eg late deg sjå det med eigne auge, men du får ikkje koma over dit.»

5. Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab-landet, slik som Herren hadde sagt.

6. Han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Men til denne dag har ingen visst kvar grava hans er.

7. Moses var hundre og tjue år gammal då han døydde, men auga hans var endå ikkje matte, livskrafta var ikkje borte.

8. Israelittane gret over Moses på slettene i Moab i tretti dagar, heilt til sørgjetida var slutt.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 34