Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 33:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er den velsigninga som gudsmannen Moses lyste over israelittane før han døydde:

2. Herren kom frå Sinai,frå Se'ir stråla han fram for dei.I lysglans kom han frå Paran-fjelletmed heilage i titusentalsom strøymde fram på hans høgre side.

3. Ja, han elskar sitt folk.Alle hans heilage er i hans hand.Dei set seg ned ved dine føterog tek imot av dine ord.

4. Moses gav oss ei lov,ein eigedom for Jakobs forsamling.

5. Det stod fram ein konge i Jesjurundå hovdingane i folketkom saman med stammane i Israel.

6. Måtte Ruben leva og aldri døy ut,måtte mennene hans bli talrike!

7. Dette gjeld Juda. Han sa: Herre, høyr ropa frå Judaog lat han koma til folket sitt!Med hendene strider han for det.Ver hans hjelp mot fiendane!

8. Om Levi sa han:Dine tummim og urimskal vera hos din trufaste mann,han som du sette på prøve ved Massaog stridde mot ved Meriba-kjelda.

9. Han sa om far sin og mor si:«Eg har aldri sett dei.»Han kjendest ikkje ved sine brørog ville ikkje vita av sine born.For dei tok vare på ditt ordog verna om di pakt.

10. Dei skal læra Jakob dine bodog Israel di lov.Dei skal bera fram røykjelse til din naseog heiloffer på ditt altar.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 33