Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 32:29-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Var dei vise, skjøna dei detteog visste kvar det bar.

30. Korleis kan éin mann jaga tusenog to slå ti tusen på flukt,om ikkje deira fjell har selt deiog Herren har gjeve dei opp?

31. For deira berg er ikkje som vårt,det kan fiendane våre dømma om.

32. For vinstokken deira stammar frå Sodomaog frå terrassane i Gomorra.Druene deira er giftige,drueklasane beiske.

33. Slangegift er deira vin,eitrande gift frå ormar.

34. Men alt dette er gøymt hos meg,forsegla i mitt forrådskammer

35. til hemnens dag då gjengjeldinga kjem,då foten deira blir ustø.Ja, ulukkedagen nærmar seg,det som ventar dei, kjem snart.

36. Men Herren vil skaffa folket sitt rettog ha medkjensle med sine tenarar,for han ser at makta deira er borte,det er ute med både fange og fri.

37. Så spør han: Kvar er no gudane deira,berget der dei søkte tilflukt,

38. dei som åt feittet av slaktofferet deiraog drakk vinen frå drikkofferet?Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,lat dei gje dykk ly og vern!

39. Sjå no, eg er Han!Det finst ingen annan gud enn eg.Eg tek liv og gjev liv,eg sårar og eg lækjer,og ingen kan berga noko ut av mi hand.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 32