Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 32:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Høyr, de himlar, eg vil tala,lat jorda høyra ordet frå min munn!

2. Lat mi lære risla som regn,min tale drypa som dogg,som regnskurer på grøne enger,som regndropar over alt som gror.

3. Herrens namn vil eg forkynna,gje vår Gud ære!

4. Berget, fullkome er hans verk,for hans vegar er alltid dei rette.Ein trufast Gud, utan svik,rettferdig og rettvis er han.

5. Dei sveik han med si vonde ferd,dei som ikkje er hans born,ei trulaus og rangsnudd slekt.

6. Er det slik de løner Herren,du dumme, fåvise folk?Er han ikkje din far og skapar?Han forma deg og held deg oppe.

7. Kom dei eldgamle dagar i hug,gjev akt på åra frå slekt til slekt!Spør far din, lat han fortelja deg,spør dei gamle, lat dei gje deg svar.

8. Då Den høgste gav folkeslaga landog skilde menneska frå kvarandre,sette han grenser mellom folkaetter talet på Israels søner.

9. Herrens del er hans eige folk,Jakob er hans arvelut.

10. Herren fann han i ørkenlandet,i den aude, hylande ørkenen.Han verna han, tok hand om hanog vakta han som sin augnestein.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 32