Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 31:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av dei! For Herren din Gud går sjølv med deg. Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.

7. Så kalla Moses til seg Josva medan alle israelittane såg på, og sa til han: Ver modig og sterk! For du skal føra folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og du skal la dei få det til eigedom.

8. Herren sjølv skal gå framfor deg. Han skal vera med deg. Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!

9. Moses skreiv ned denne lova og gav henne til prestane, Levi-sønene, som bar Herrens paktkiste, og til alle dei eldste i Israel.

10. Og Moses gav dei dette påbodet: Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, ved lauvhyttefesten,

11. når heile Israel kjem og stig fram for Herren sin Guds andlet på den staden han vel seg ut, skal du lesa denne lova framfor heile Israel, slik at dei høyrer.

12. Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine, slik at dei høyrer og kan læra å frykta Herren dykkar Gud og trufast følgja kvart ord i denne lova.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 31