Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 31:2-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Han sa til dei: Eg er no hundre og tjue år gammal. Eg maktar ikkje lenger å gå ut og inn som før. Og Herren har sagt meg: «Du skal ikkje koma over denne elva, over Jordan.»

3. Herren din Gud skal sjølv gå over framfor deg. Han vil utrydda desse folkeslaga for deg, så du kan ta landet frå dei. Josva skal gå over framfor deg, slik som Herren har sagt.

4. Så vil Herren gjera med dei som han gjorde med amorittkongane Og og Sihon og landet deira då han utrydda dei.

5. Herren vil gje dei over til dykk, og de skal i eitt og alt gjera med dei slik eg har sagt dykk.

6. Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av dei! For Herren din Gud går sjølv med deg. Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.

7. Så kalla Moses til seg Josva medan alle israelittane såg på, og sa til han: Ver modig og sterk! For du skal føra folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og du skal la dei få det til eigedom.

8. Herren sjølv skal gå framfor deg. Han skal vera med deg. Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!

9. Moses skreiv ned denne lova og gav henne til prestane, Levi-sønene, som bar Herrens paktkiste, og til alle dei eldste i Israel.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 31