Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 31:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. når heile Israel kjem og stig fram for Herren sin Guds andlet på den staden han vel seg ut, skal du lesa denne lova framfor heile Israel, slik at dei høyrer.

12. Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine, slik at dei høyrer og kan læra å frykta Herren dykkar Gud og trufast følgja kvart ord i denne lova.

13. Og borna deira, som enno ikkje kjenner lova, skal høyra henne, så dei kan læra å frykta Herren dykkar Gud så lenge de får leva i det landet de skal leggja under dykk når de går over Jordan.

14. Herren sa til Moses: «Sjå, no lid det til den tid at du skal døy. Kall Josva hit, og still dykk opp i teltheilagdomen, så skal eg seia kva han skal gjera.» Så gjekk Moses og Josva til teltheilagdomen og vart ståande der.

15. Då synte Herren seg i teltet i ei skysøyle, og skysøyla vart ståande ved døra til teltet.

16. Herren sa til Moses: Sjå, du skal snart gå til kvile hos fedrane dine. Då kjem dette folket til å driva hor med framande gudar i det landet dei er komne inn i. Dei kjem til å venda seg frå meg og bryta den pakta eg har gjort med dei.

17. Då, når det skjer, skal harmen min flamma opp mot dei. Eg skal gå bort frå dei og gøyma andletet for dei og la dei bli fortærte. Mange ulukker og stor naud skal ramma dei. Den dagen skal dei seia: «Når desse ulukkene rammar meg, er det vel fordi min Gud ikkje er med meg.»

18. Men fordi dei har gjort så mykje vondt og vendt seg til andre gudar, vil eg på den dagen gøyma andletet mitt heilt for dei.

19. Skriv no ned denne songen, og lat israelittane læra han! Legg songen i munnen på dei, så han kan vera mitt vitne mot israelittane.

20. No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og er vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å forakta meg og bryta mi pakt.

21. Når dei då blir ramma av mange ulukker og stor naud, skal denne songen stå som vitne framfor dei, for etterkomarane deira skal ha han på leppene og aldri gløyma han. For eg kjenner planane deira som dei alt no lagar seg, før eg fører dei inn i landet eg med eid lova dei.

22. Same dagen skreiv Moses ned denne songen og lét israelittane læra han.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 31