Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 3:23-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Den gongen bad eg inderleg til Herren:

24. «Herre vår Gud, du har byrja å syna ditt velde og di sterke hand for tenaren din. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du?

25. Lat meg få koma over og sjå det gode landet på den andre sida av Jordan, dette fagre fjellandet og Libanon.»

26. Men for dykkar skuld vart Herren harm på meg og ville ikkje høyra på meg. Herren sa til meg: «Det er nok. Snakk ikkje meir til meg om dette!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 3