Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 3:1-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så snudde vi og drog oppover vegen mot Basan. Kongen i Basan, Og, tok ut med heile hæren sin for å møta oss til strid ved Edre'i.

2. Men Herren sa til meg: «Ver ikkje redd han! Eg gjev både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon.»

3. Så overgav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi slo han og lét ingen overleva.

4. Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje nokon by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket til Og i Basan.

5. Alle byane var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei mengd med landsbyar.

6. Vi slo byane med bann og utsletta dei, slik vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by utsletta vi, både menn, kvinner og born.

7. Men all buskapen og hærfanget frå byane tok vi med oss.

8. Såleis tok vi den gongen landet frå dei to amorittkongane austafor Jordan, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet.

9. Det er det fjellet som folket i Sidon kallar Sirjon og amorittane Senir.

10. Vi tok alle byane på sletta, heile Gilead og heile Basan, med Salka og Edre'i, to byar i riket til Og i Basan.

11. Kong Og i Basan var den einaste av refaittane som var att. Senga hans står enno hos ammonittane i Rabba. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål.

12. Den gongen då vi tok dette landet, gav eg området frå Aroer ved Arnon-elva og halvparten av fjellandet i Gilead med byane der til rubenittane og gadittane.

13. Resten av Gilead og heile Basan, riket til Og, gav eg til den eine halvparten av Manasse-stammen. Heile Argob-området og heile Basan vart kalla refaittlandet.

14. Ja'ir, son til Manasse, tok heile Argob-området, heilt til grensa mot gesjurittane og maakatittane. Han gav Basan namn etter seg sjølv og kalla det Ja'irs teltbyar, og så heiter det den dag i dag.

15. Eg gav Gilead til Makir.

16. Til rubenittane og gadittane gav eg landet frå Gilead til Arnon-elva, slik at grensa gjekk midt i elva, og til Jabbok-elva, som er grense mot ammonittane;

17. dessutan Araba-sletta med Jordan som grense frå Kinneret-sjøen til Araba-sjøen, det vil seia Saltsjøen, ved foten av Pisga-liene i aust.

18. Den gongen gav eg dykk dette påbodet: «Herren dykkar Gud har gjeve dykk dette landet i eige. Krigarar! Væpna til strid skal de alle kryssa elva føre brørne dykkar, israelittane.

19. Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk.

20. Først når Herren har late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei òg har teke det landet som Herren dykkar Gud vil gje dei på den andre sida av Jordan, kan de fara heim att, kvar til sin eigedom som eg har gjeve dykk.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 3