Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 29:24-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Då skal dei seia og alle folkeslag spørja: «Kvifor har Herren fare slik åt med dette landet? Kvifor denne store vreiden?»

25. Og dei skal få til svar: Fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut frå Egypt.

26. Dei gjekk av stad og dyrka andre gudar og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei.

27. Difor loga Herrens vreide opp mot dette landet, så han førte over det all den forbanning som er nedskriven i denne boka.

28. I harme, illsinne og stor vreide rykte Herren dei opp frå jorda deira og kasta dei bort til eit anna land, og der har dei vore til denne dag.

29. Det dulde høyrer Herren vår Gud til, men det som er openberra, høyrer til oss og våre born til evig tid, så vi skal halda kvart ord i denne lova.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 29