Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 29:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta, med dei forbanningar som høyrer til,

15. men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Guds andlet, og med dei som enno ikkje er saman med oss.

16. De veit sjølve at vi budde i Egypt, og at vi drog fram gjennom landa til dei folkeslaga de måtte dra forbi.

17. De såg det motbydelege som var hos dei, gudebileta deira av stokk og stein, sølv og gull.

18. Det må ikkje finnast nokon iblant dykk, mann eller kvinne, familie eller stamme, som i dag vender hjartet sitt bort frå Herren vår Gud for å gå og dyrka gudane blant desse folkeslaga. Det må ikkje finnast iblant dykk noka rot som det skyt giftplanter og malurt opp frå,

19. ingen som når han høyrer forbanningsorda, velsignar seg sjølv i hjartet sitt og seier: «Fred skal vera med meg, sjølv om eg følgjer mitt sjølvrådige hjarte.» Då øydelegg han både det vassrike og det tørre landet.

20. Herren vil ikkje tilgje ein slik mann: Herrens vreide og sjalusi skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nedskrivne i denne boka, skal kvila over han, og Herren skal utsletta namnet hans under himmelen.

21. Herren skal skilja han ut frå alle Israels stammar og slå han med ulukke etter alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.

22. Komande slekter, borna som veks opp etter dykk, og framande som kjem frå fjerne land, skal sjå dei plagene som har råka dette landet, og dei sjukdomane Herren har sendt over det:

23. svovel og salt, heile landet avsvidd så det kan ikkje såast, bli grønt eller noko strå kan veksa der, slik det var då Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim vart øydelagde, dei som Herren i sin vreide og harme la øyde.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 29