Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:59-65 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

59. då skal Herren senda ufattelege plager over deg og etterkomarane dine, veldige plager og vonde sjukdomar som ingen ende vil ta.

60. Han skal igjen senda over deg alle farsottene frå Egypt som du gruar deg for, og dei skal bli hangande ved deg.

61. Også alle sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, heilt til du blir utrydda.

62. Berre ein liten flokk skal bli att av dykk som før var talrike som stjernene på himmelen. For du lydde ikkje Herren din Gud.

63. Liksom Herren før gledde seg over å gjera vel mot dykk og gjera dykk talrike, skal han no gleda seg over å gjera ende på dykk og utrydda dykk. De skal rykkjast opp frå det landet du no går inn i og skal leggja under deg.

64. Herren skal spreia deg mellom alle folka frå den eine enden av jorda til den andre, og der skal du dyrka andre gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent: stokk og stein.

65. Blant desse folkeslaga skal du aldri få ro og aldri finna kvile for din fot. Der skal Herren gje deg eit uroleg hjarte, eit sviktande syn og eit motlaust sinn.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28