Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:50-59 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

50. eit folkeslag med harde andlet, som ikkje tek omsyn til dei gamle og ikkje er nådig mot dei unge.

51. Dei skal eta opp frukta av buskapen din og frukta av åkerlandet, til du blir utrydda. Dei lét verken korn, ny vin eller fin olje vera att til deg, verken det som blir fødd av storfe, eller det som kjem til av småfe. Dei held fram til dei har utrydda deg.

52. Dei skal omringa deg i alle byane dine, til dei styrtar ned, dei høge festningsmurane som du set di lit til overalt i landet ditt. Dei skal omringa deg i alle byane i heile landet som Herren din Gud gjev deg.

53. Og i trengsla og nauda som fienden fører over deg, skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene som Herren din Gud har gjeve deg.

54. Den finaste og mest bortskjemde mannen hos deg vil då vera så vond mot bror sin og kona si og mot dei borna han enno har att,

55. at han ikkje unner dei ein kjøtbit av borna sine som han et. For han har ikkje anna att i den trengsle og naud som fienden lét koma over deg i alle byane dine.

56. Og den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvd å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho er, skal ikkje unna sin eigen mann, son sin eller dotter si

57. etterburden som kjem ut mellom beina på henne, eller borna ho har fødd. Fordi ho manglar alt, skal ho eta det i løynd, i den trengsle og naud som fienden lét koma over deg i byane dine.

58. Dersom du ikkje trufast følgjer kvart ord i denne lova som er skriven i denne boka, og ikkje fryktar dette ærerike og skremmande namnet, Herren din Gud,

59. då skal Herren senda ufattelege plager over deg og etterkomarane dine, veldige plager og vonde sjukdomar som ingen ende vil ta.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28