Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:39-52 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. Vinmarker skal du planta og dyrka, men vin får du verken drikka eller lagra, for makken et dei opp.

40. Oliventre skal du ha overalt i landet ditt, men du får ikkje salva deg med olje, for olivenfrukta fell ned.

41. Søner og døtrer skal du få, men dei skal ikkje høyra deg til, for dei må gå i fangenskap.

42. Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.

43. Innflyttaren som bur hos deg, skal koma høgare og høgare over deg, men du skal koma lågare og lågare.

44. Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal bli hovud og du hale.

45. Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfølgja deg og nå deg att til du blir utrydda, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.

46. Dei skal vera teikn og varsel for deg og etterkomarane dine til alle tider.

47. Fordi du ikkje tente Herren din Gud av eit godt hjarte, i glede over all di overflod,

48. må du tena fiendane som Herren sender mot deg, og vera svolten, tørst og naken og mangla alt. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rydda deg ut.

49. Herren skal senda over deg eit folkeslag frå det fjerne, frå enden av jorda, som ei stupande ørn, eit folk med eit språk som du ikkje forstår,

50. eit folkeslag med harde andlet, som ikkje tek omsyn til dei gamle og ikkje er nådig mot dei unge.

51. Dei skal eta opp frukta av buskapen din og frukta av åkerlandet, til du blir utrydda. Dei lét verken korn, ny vin eller fin olje vera att til deg, verken det som blir fødd av storfe, eller det som kjem til av småfe. Dei held fram til dei har utrydda deg.

52. Dei skal omringa deg i alle byane dine, til dei styrtar ned, dei høge festningsmurane som du set di lit til overalt i landet ditt. Dei skal omringa deg i alle byane i heile landet som Herren din Gud gjev deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28