Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:17-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Forbanna er di korg og ditt bakstetrau!

18. Forbanna er frukta av ditt morslivog frukta av ditt åkerland,det som blir fødd av storfe,og det som kjem til av småfe!

19. Forbanna er du når du går inn,og forbanna når du går ut!

20. Herren skal senda forbanning, forvirring og plage over deg og over alt det hendene dine har gjort, til du blir utrydda og brått går til grunne, fordi du gjorde det vonde og gjekk bort frå meg.

21. Herren skal la pesten bli hangande ved deg til han gjer ende på deg i det landet du no går inn i og skal leggja under deg.

22. Herren skal slå deg med tæring og verk, kulsing og feber, med tørke og kornsot og svartrust, og det skal forfølgja deg til du går til grunne.

23. Himmelen over hovudet ditt skal bli til bronse og jorda under deg til jern.

24. Herren skal omskapa regnet over landet ditt til sand og støv. Frå himmelen skal det falla ned over deg til du blir utrydda.

25. Herren skal gjera det slik at fiendane dine vinn over deg. Dreg du ut mot dei på éin veg, skal du rømma for dei på sju. Du skal bli til skrekk for alle kongerike på jorda.

26. Lika av dykk skal bli til føde for alle fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal jaga dei.

27. Herren skal slå deg med verkebyllar som i Egypt, med svullar, skabb og skurv som ikkje lèt seg lækja.

28. Herren skal slå deg med galskap, blindskap og vilske.

29. Midt på dagen skal du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.Du skal ikkje lukkast på din veg. Du blir undertrykt og utplyndra dag etter dag, og det er ingen som hjelper.

30. Bind du deg til ei kvinne, skal ein annan mann valdta henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det. Plantar du ei vinmark, får du ikkje ta henne i bruk.

31. Oksen din skal slaktast medan du ser på, og du får ikkje eta kjøtet. Eselet ditt skal røvast beint for auga dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.

32. Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit anna folk. Du skal sjå etter dei og lengta heile tida, men fåfengt, for du er maktlaus.

33. Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp grøda frå jorda di og det du har vunne med alt ditt strev. Du blir berre undertrykt og trakka på, dag etter dag.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28