Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Herren skal gje deg rikeleg av det som godt er, av frukt av ditt morsliv og frukt av din buskap og frukt av ditt åkerland, på den jorda Herren med eid lova fedrane dine å gje deg.

12. Herren skal opna sitt rike forrådskammer, himmelen, for deg. Han skal la landet få regn i rett tid og velsigna alt dine hender gjer. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna.

13. Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du koma høgare, aldri lågare, så sant du lyder boda til Herren din Gud som eg gjev deg i dag, så du held dei og gjer etter dei.

14. Du må ikkje vika av frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, korkje til høgre eller venstre, ikkje følgja andre gudar og ikkje dyrka dei.

15. Men om du ikkje vil lyda Herren din Guds røyst, ikkje held alle boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag, og ikkje gjer etter dei, då skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:

16. Forbanna er du i byenog forbanna ute på marka!

17. Forbanna er di korg og ditt bakstetrau!

18. Forbanna er frukta av ditt morslivog frukta av ditt åkerland,det som blir fødd av storfe,og det som kjem til av småfe!

19. Forbanna er du når du går inn,og forbanna når du går ut!

20. Herren skal senda forbanning, forvirring og plage over deg og over alt det hendene dine har gjort, til du blir utrydda og brått går til grunne, fordi du gjorde det vonde og gjekk bort frå meg.

21. Herren skal la pesten bli hangande ved deg til han gjer ende på deg i det landet du no går inn i og skal leggja under deg.

22. Herren skal slå deg med tæring og verk, kulsing og feber, med tørke og kornsot og svartrust, og det skal forfølgja deg til du går til grunne.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28