Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 28:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dersom du no vil lyda Herren din Guds røyst og trufast følgja alle boda hans som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda.

2. Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud:

3. Velsigna er du i byenog velsigna ute på marka!

4. Velsigna er frukta av ditt morsliv,frukta av ditt åkerlandog frukta av din buskap,det som blir fødd av storfe,og det som kjem til av småfe!

5. Velsigna er di korg og ditt bakstetrau!

6. Velsigna er du når du går inn,og velsigna er du når du går ut!

7. Når fiendane går på deg, skal Herren gjera det slik at du vinn over dei. Kjem dei mot deg på éin veg, skal dei rømma for deg på sju.

8. Herren skal gje påbod om velsigning over deg og di matbu og over alt ditt arbeid. Ja, Herren din Gud skal velsigna deg i det landet som han gjev deg.

9. Dersom du held boda frå Herren din Gud og går på hans vegar, vil Herren gjera deg til sitt heilage folk, slik han med eid har lova deg.

10. Då skal alle folk på jorda sjå at Herrens namn er ropa ut over deg, og dei skal frykta deg.

11. Herren skal gje deg rikeleg av det som godt er, av frukt av ditt morsliv og frukt av din buskap og frukt av ditt åkerland, på den jorda Herren med eid lova fedrane dine å gje deg.

12. Herren skal opna sitt rike forrådskammer, himmelen, for deg. Han skal la landet få regn i rett tid og velsigna alt dine hender gjer. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna.

13. Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du koma høgare, aldri lågare, så sant du lyder boda til Herren din Gud som eg gjev deg i dag, så du held dei og gjer etter dei.

14. Du må ikkje vika av frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, korkje til høgre eller venstre, ikkje følgja andre gudar og ikkje dyrka dei.

15. Men om du ikkje vil lyda Herren din Guds røyst, ikkje held alle boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag, og ikkje gjer etter dei, då skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:

Les hele kapitlet 5. Mosebok 28