Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 27:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Forbanna er den som flytter grensesteinar mellom seg og nesten sin! Og heile folket skal seia: Amen.

18. Forbanna er den som fører ein blind på feil veg! Og heile folket skal seia: Amen.

19. Forbanna er den som vrengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.

20. Forbanna er den som ligg med kona til far sin, for han har teke kappefliken til far sin bort frå henne. Og heile folket skal seia: Amen.

21. Forbanna er den som ligg med dyr! Og heile folket skal seia: Amen.

22. Forbanna er den som ligg med syster si, dotter til far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

23. Forbanna er den som ligg med svigermor si! Og heile folket skal seia: Amen.

24. Forbanna er den som i løynd slår ned grannen sin! Og heile folket skal seia: Amen.

25. Forbanna er den som lèt seg kjøpa til å slå i hel ein skuldlaus! Og heile folket skal seia: Amen.

26. Forbanna er den som ikkje held orda i denne lova og ikkje lever etter dei! Og heile folket skal seia: Amen.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 27