Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 27:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Moses og dei eldste i Israel påla folket dette: Akta på alle dei boda eg gjev dykk i dag.

2. Den dagen de går over Jordan og til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du reisa nokre store steinar og stryka kalk på dei.

3. Når du kjem over, skal du skriva alle orda i denne lova på dei. Då skal du få koma inn i det landet Herren din Gud vil gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, slik som Herren, dine fedrars Gud, lova deg.

4. Når de kjem over Jordan, skal de på Ebal-fjellet reisa desse steinane slik eg byd dykk i dag, og du skal stryka kalk på dei.

5. Der skal du byggja eit altar for Herren din Gud, eit altar av stein. Bruk ikkje meisel på dei!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 27