Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 25:2-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal dommaren la han leggja seg ned, og medan dommaren ser på, skal dei gje mannen så mange slag som svarar til skulda han ber.

3. Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, blir landsmannen din ærelaus i dine auge.

4. Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.

5. Om brør bur saman og ein av dei døyr utan å ha fått nokon son, skal enkja hans ikkje gifta seg med ein utanfor slekta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og gjera si plikt som svoger ved å ta henne til kone.

6. Den første sonen ho føder, skal bera vidare namnet til broren som er død, så namnet ikkje blir utsletta i Israel.

7. Men dersom mannen ikkje har lyst til å ta svigerinna si til ekte, skal ho gå til dei eldste i byporten og seia: «Svogeren min nektar å oppfylla svogerplikta si og føra vidare namnet til bror sin i Israel. Han er ikkje villig til å ta meg til kone.»

8. Då skal dei eldste i byen kalla mannen til seg og tala han til rette. Held han fast på sitt og seier at han ikkje vil ta henne til kone,

9. skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og svara han: «Slik gjer ein med den mannen som ikkje vil byggja huset til bror sin.»

10. Sidan skal dei kalla slekta hans «Berrfot-slekta» i Israel.

11. Det kan henda at to landsmenn kjem i slagsmål. Kona til den eine kjem til for å redda mannen sin frå han som slår. Ho retter ut handa og grip han om kjønnsdelane.

12. Då skal du hogga handa av henne. Vis inga medkjensle.

13. Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme tunge og somme lette.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 25