Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 25:13-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme tunge og somme lette.

14. Du skal ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite.

15. Du skal ha rette vektlodd og eit rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

16. Herren din Gud avskyr alle som gjer urett på denne måten.

17. Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg undervegs då de drog ut frå Egypt.

18. Dei overraska deg på vegen då du var utsvelt og utmatta. Utan frykt for Gud hogg dei ned baktroppen, alle som hadde vorte liggjande etter.

19. Når Herren din Gud lèt deg få fred for alle fiendar rundt omkring i det landet Herren din Gud gjev deg til eigedom og lèt deg ta, skal du utsletta minnet om amalekittane under himmelen. Gløym det ikkje!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 25