Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 25:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om to menn ligg i tvistemål, skal dei møtast for retten, som skal ta saka opp til dom. Dei skal frikjenna den som har rett, og dømma den som er skuldig.

2. Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal dommaren la han leggja seg ned, og medan dommaren ser på, skal dei gje mannen så mange slag som svarar til skulda han ber.

3. Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, blir landsmannen din ærelaus i dine auge.

4. Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 25