Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 24:7-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Om nokon oppdagar at ein mann har bortført ein av landsmennene sine, ein israelitt, og fer åt med han som ein slave eller sel han, då skal tjuven døy. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

8. Dersom det bryt ut hudsjukdom, så pass på at de nøye følgjer rettleiinga frå levittprestane. Det som eg har sagt dei, skal de følgja trufast.

9. Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam undervegs då de drog ut frå Egypt.

10. Når du gjev nesten din eit lån av noko slag, må du ikkje gå inn i huset hans og ta pant hos han.

11. Bli ståande utanfor, og la mannen du gjev lånet, sjølv koma ut til deg med pantet.

12. Men dersom han er ein fattig mann, skal du ikkje leggja deg i kappa han har pantsett.

13. Nei, du skal la han få att pantet når sola går ned, så han kan liggja i kappa si. Då vil han velsigna deg, og det vil vera ei rettferdig gjerning for Herren din Gud.

14. Du skal ikkje gjera urett mot ein fattig dagarbeidar som lid naud, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar som bur i ein av byane i landet ditt.

15. Du skal gje han løn same dagen, før sola går ned, for han er fattig og lengtar etter løna. Elles kunne han ropa til Herren og klaga på deg, og du blir skuldig i synd.

16. Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.

17. Du skal ikkje vrengja retten for innflyttarar og farlause og ikkje ta kleda til ei enkje i pant.

18. Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå. Difor byd eg deg å gjera dette.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 24