Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 24:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Om den andre mannen òg får uvilje mot henne, skriv skilsmissebrev, gjev henne det og sender henne bort frå huset sitt, eller om han døyr,

4. då kan ikkje den første mannen som skilde seg frå henne, igjen ta henne til kone, etter at ho er gjord urein. For det er avskyeleg for Herren. Du må ikkje føra synd over det landet Herren din Gud gjev deg til eige.

5. Om ein mann er nygift, skal han ikkje dra ut i krig og ikkje bli pålagd andre plikter. I eitt år skal han vera fri til å vera heime og gleda kvinna som han har gift seg med.

6. Ingen må ta ei handkvern eller ein kvernstein i pant, for då tek han pant i ein manns liv.

7. Om nokon oppdagar at ein mann har bortført ein av landsmennene sine, ein israelitt, og fer åt med han som ein slave eller sel han, då skal tjuven døy. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

8. Dersom det bryt ut hudsjukdom, så pass på at de nøye følgjer rettleiinga frå levittprestane. Det som eg har sagt dei, skal de følgja trufast.

9. Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam undervegs då de drog ut frå Egypt.

10. Når du gjev nesten din eit lån av noko slag, må du ikkje gå inn i huset hans og ta pant hos han.

11. Bli ståande utanfor, og la mannen du gjev lånet, sjølv koma ut til deg med pantet.

12. Men dersom han er ein fattig mann, skal du ikkje leggja deg i kappa han har pantsett.

13. Nei, du skal la han få att pantet når sola går ned, så han kan liggja i kappa si. Då vil han velsigna deg, og det vil vera ei rettferdig gjerning for Herren din Gud.

14. Du skal ikkje gjera urett mot ein fattig dagarbeidar som lid naud, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar som bur i ein av byane i landet ditt.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 24