Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 23:7-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Men edomitten skal du ikkje halda for avskyeleg, for han er bror din. Du skal heller ikkje avsky egyptaren, for du har vore innflyttar i landet hans.

8. Etterkomarane deira i tredje ledd kan få vera med i Herrens forsamling.

9. Når du dreg ut i felt mot fiendane dine, skal du akta deg for alt ureint.

10. Om ein av dykk er urein etter sæduttømming om natta, skal han gå ut av leiren og ikkje koma inn att

11. før det lid til kvelds. Då skal han vaska seg, og når sola går ned, kan han koma inn i leiren.

12. Du skal ha ein bestemt stad utanfor leiren som du kan gå til.

13. Mellom reiskapane dine skal du ha ein spiss stokk. Med den skal du grava ei grop når du set deg der ute, og dekkja til avføringa etterpå.

14. For Herren din Gud går omkring i leiren for å berga deg og overgje fiendane til deg. Difor skal leiren vera heilag. Han må ikkje sjå noko usømeleg hos deg, for då vender han seg bort frå deg.

15. Du skal ikkje utlevera ein slave til herren hans når han har rømt frå herren sin og søkt tilflukt hos deg.

16. Lat han få bli hos deg og slå seg ned der han vil blant byane dine, der han likar seg best. Du skal ikkje oppføra deg dårleg mot han.

17. Inga israelittisk kvinne får vera tempelprostituert, og heller ingen israelittisk mann.

18. Når du skal innfri ein lovnad, skal du ikkje koma til Herren din Guds hus med løna frå ei hore eller pengar frå ein hund, for begge delar er avskyelege for Herren din Gud.

19. Du skal ikkje krevja rente av ein landsmann, korkje av pengar eller av mat eller av noko anna som kan lånast ut mot rente.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 23