Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 23:5-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Herren din Gud vende forbanninga til velsigning for deg fordi han elska deg.

6. Aldri skal du, så lenge du lever, gjera noko for å fremja deira fred og velferd.

7. Men edomitten skal du ikkje halda for avskyeleg, for han er bror din. Du skal heller ikkje avsky egyptaren, for du har vore innflyttar i landet hans.

8. Etterkomarane deira i tredje ledd kan få vera med i Herrens forsamling.

9. Når du dreg ut i felt mot fiendane dine, skal du akta deg for alt ureint.

10. Om ein av dykk er urein etter sæduttømming om natta, skal han gå ut av leiren og ikkje koma inn att

11. før det lid til kvelds. Då skal han vaska seg, og når sola går ned, kan han koma inn i leiren.

12. Du skal ha ein bestemt stad utanfor leiren som du kan gå til.

13. Mellom reiskapane dine skal du ha ein spiss stokk. Med den skal du grava ei grop når du set deg der ute, og dekkja til avføringa etterpå.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 23