Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 23:15-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Du skal ikkje utlevera ein slave til herren hans når han har rømt frå herren sin og søkt tilflukt hos deg.

16. Lat han få bli hos deg og slå seg ned der han vil blant byane dine, der han likar seg best. Du skal ikkje oppføra deg dårleg mot han.

17. Inga israelittisk kvinne får vera tempelprostituert, og heller ingen israelittisk mann.

18. Når du skal innfri ein lovnad, skal du ikkje koma til Herren din Guds hus med løna frå ei hore eller pengar frå ein hund, for begge delar er avskyelege for Herren din Gud.

19. Du skal ikkje krevja rente av ein landsmann, korkje av pengar eller av mat eller av noko anna som kan lånast ut mot rente.

20. Av ein framand kan du krevja rente, men ikkje av ein landsmann. Då vil Herren din Gud velsigna deg i alt hendene dine gjer, i det landet du går inn i og skal leggja under deg.

21. Når du gjev Herren din Gud ein lovnad, skal du ikkje dryga med å halda det du har lova. Elles vil Herren din Gud krevja det av deg, og du set deg i skuld.

22. Lèt du vera å lova noko, blir du ikkje skuldig.

23. Men det som kjem over leppene dine, må du halda og gjera. For av fri vilje har du gjeve Herren din Gud den lovnaden som du har uttala med din eigen munn.

24. Når du kjem inn i annan manns vinmark, kan du eta så mykje druer du vil, til du blir mett. Men du må ikkje sanka i spann.

25. Når du kjem inn på annan manns kornåker, kan du plukka aks med handa. Men sigd må du ikkje bruka på annan manns korn.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 23