Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 23:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ingen som har fått testiklane knuste eller penis avskoren, får vera med i Herrens forsamling.

2. Ingen som er fødd i forbode ekteskap, skal få vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane hans i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling.

3. Ingen ammonitt eller moabitt får vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane deira i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling. Slik skal det vera for all framtid.

4. For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i aramearlandet mellom elvane, til å forbanna deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 23