Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 22:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Du skal ikkje så noko mellom vinstokkane dine. Elles vil alt gå til heilagdomen, både avlinga av det du har sådd, og frukta frå vingarden.

10. Du skal ikkje pløya med okse og esel saman.

11. Du skal ikkje gå i klede som er vovne av blanda tråd, ull og lin saman.

12. Du skal laga deg duskar i dei fire hjørna på kappa som du har om deg.

13. Det kan henda at ein mann gifter seg med ei kvinne og går inn til henne, men så får uvilje mot henne.

14. Han kjem med skuldingar og set ut vonde rykte om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom nær henne, fann eg at ho ikkje var jomfru.»

15. Då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var jomfru, og ha det med til dei eldste i byporten.

16. Og far til jenta skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.

17. Og no kjem han med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at ho var jomfru. Men her er jomfruteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen.

18. Då skal dei eldste i byen gripa mannen. Dei skal straffa han

19. og dømma han til ei bot på hundre sjekel sølv og gje dei til far til jenta fordi mannen har sett ut eit vondt rykte om ei jomfru i Israel. Ho skal vera kona hans, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 22