Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 22:19-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. og dømma han til ei bot på hundre sjekel sølv og gje dei til far til jenta fordi mannen har sett ut eit vondt rykte om ei jomfru i Israel. Ho skal vera kona hans, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

20. Men dersom skuldinga er sann, om det ikkje finst teikn på at jenta var jomfru,

21. då skal dei føra henne ut framfor døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive hor i huset til far sin. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

22. Om ein mann blir oppdaga medan han ligg med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen som har lege med henne, og kvinna sjølv. Slik skal du rydda det vonde ut frå Israel.

23. Om ein mann treffer ei ung jente i byen, ei jomfru som er lova bort til ein annan mann, og ligg med henne,

24. då skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte ein annan manns kvinne. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

25. Men er det ute på marka at ein mann treffer ei jente som er lova bort, og tek henne med makt og ligg med henne, då skal berre mannen som låg med henne, døy.

26. Jenta skal du ikkje gjera noko; ho har ikkje gjort noka dødssynd. For dette er ei sak som liknar den at ein mann går på ein annan mann og slår han i hel.

27. For han fann henne ute på marka. Jenta skreik, men det var ingen som hjelpte henne.

28. Om ein mann treffer ei jente som er jomfru og ikkje er lova bort, og han tvingar seg til å liggja med henne, og dei blir oppdaga,

29. då skal mannen som låg med jenta, betala far hennar femti sjekel sølv. Ho skal vera kona hans fordi han krenkte henne, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

30. Ingen må ta kona til far sin til ekte; han må ikkje ta kappefliken til far sin bort frå henne.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 22