Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 22:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Og no kjem han med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at ho var jomfru. Men her er jomfruteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen.

18. Då skal dei eldste i byen gripa mannen. Dei skal straffa han

19. og dømma han til ei bot på hundre sjekel sølv og gje dei til far til jenta fordi mannen har sett ut eit vondt rykte om ei jomfru i Israel. Ho skal vera kona hans, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

20. Men dersom skuldinga er sann, om det ikkje finst teikn på at jenta var jomfru,

21. då skal dei føra henne ut framfor døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive hor i huset til far sin. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

22. Om ein mann blir oppdaga medan han ligg med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen som har lege med henne, og kvinna sjølv. Slik skal du rydda det vonde ut frå Israel.

23. Om ein mann treffer ei ung jente i byen, ei jomfru som er lova bort til ein annan mann, og ligg med henne,

24. då skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte ein annan manns kvinne. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 22