Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 22:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om du ser at oksen eller sauen til landsmannen din har gått seg bort, skal du ikkje snu ryggen til, men føra dyret tilbake til landsmannen din.

2. Dersom han ikkje bur i grannelaget eller du ikkje veit kven han er, skal du ta dyret heim til deg og ha det hos deg til landsmannen din kjem og spør etter det. Då skal du la han få att dyret.

3. Det same skal du gjera med eselet hans, og det same skal du gjera med kleda hans, og det same skal du gjera med kva det så måtte vera som landsmannen din har mista, og som du finn. Du skal ikkje snu ryggen til.

4. Om du ser at eselet eller oksen til landsmannen din fell over ende på vegen, skal du ikkje snu ryggen til, men hjelpa han med å reisa opp dyret.

5. Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje kle seg i kvinneklede. For Herren din Gud avskyr alle som gjer slikt.

6. Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta mora saman med ungane.

7. Lat mora flyga sin veg, men ungane kan du ta. Då vil det gå deg vel, og du skal få leva lenge.

8. Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk på taket, så du ikkje fører blodskuld over huset om nokon fell ned frå det.

9. Du skal ikkje så noko mellom vinstokkane dine. Elles vil alt gå til heilagdomen, både avlinga av det du har sådd, og frukta frå vingarden.

10. Du skal ikkje pløya med okse og esel saman.

11. Du skal ikkje gå i klede som er vovne av blanda tråd, ull og lin saman.

12. Du skal laga deg duskar i dei fire hjørna på kappa som du har om deg.

13. Det kan henda at ein mann gifter seg med ei kvinne og går inn til henne, men så får uvilje mot henne.

14. Han kjem med skuldingar og set ut vonde rykte om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom nær henne, fann eg at ho ikkje var jomfru.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 22