Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 2:4-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Du skal gje folket dette påbodet: De dreg no gjennom området til brørne dykkar, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Dei kjem til å bli redde dykk, men ta dykk i vare.

5. Gå ikkje til åtak på dei! Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for Se'ir-fjella har eg gjeve Esau til eige.

6. Maten de skal eta og vatnet de skal drikka, må de kjøpa av dei for pengar.

7. Herren din Gud har velsigna deg i alt du har gjort. Han har følgt deg på vandringa gjennom den store ørkenen. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting mangla.»

8. Så tok vi av stad, bort frå brørne våre, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, frå Eilat og Esjon-Geber, og tok ei anna retning, langs den vegen som fører til Moab-ørkenen.

9. Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje gå til åtak på dei. Eg vil ikkje gje deg noko av landet deira, for eg har gjeve Ar til eigedom for Lots etterkomarar.»

10. Før i tida budde emittane der, eit stort og talrikt folk, høgvaksne som anakittane.

11. Også dei blir rekna som refaittar, til liks med anakittane, men moabittane kallar dei emittar.

12. Før i tida budde det horittar i Se'ir. Men Esaus etterkomarar dreiv dei bort. Dei utrydda dei og busette seg der i staden for dei, på same måten som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eige.

13. «Bryt no opp og gå over Sered-bekken!» Og vi gjekk over Sered-bekken.

14. Tida for ferda vår frå Kadesj-Barnea til overgangen over Sered-bekken var trettiåtte år. Då hadde ein heil generasjon av krigarar i leiren døydd ut, slik Herren hadde svore.

15. Herren hadde vendt handa si mot dei, og han utrydda dei frå leiren, til siste mann.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 2