Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 2:23-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane så langt som til Gaza. Kaftorane som kom frå Kaftor, utrydda dei og busette seg der i deira stad.

24. «Bryt no opp, dra i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender! Gå i gang og ta landet i eige. Gå til kamp mot han!

25. Frå denne dag vil eg la redsle og frykt for deg koma over alle folk under himmelen. Kvar og ein som høyrer om deg, skal bivra og skjelva.»

26. Frå Kedemot-ørkenen sende eg bod til Sihon, kongen i Hesjbon, med fredshelsing:

27. «Lat meg få dra gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre.

28. Maten eg skal eta og vatnet eg skal drikka, kan du selja meg for pengar. Lat meg berre gå til fots gjennom landet,

29. slik Esau-sønene som bur i Se'ir, og moabittane i Ar gav meg lov til, til eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»

30. Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss dra gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort han stivsinna og hardhjarta for å gje han over i dine hender, slik som han no har gjort.

31. Og Herren sa til meg: «Sjå, no har eg teke til å gje Sihon og landet hans over til deg. Gå i gang og ta landet i eige. Legg det under deg!»

32. Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville møta oss til strid.

33. Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren.

34. Samstundes tok vi alle byane hans, slo kvar by med bann og utrydda alle, både menn, kvinner og born. Ikkje éin lét vi overleva.

35. Berre buskapen tok vi med oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 2