Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 2:22-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Det same hadde han gjort for Esaus etterkomarar, som bur i Se'ir, då han utrydda horittane for dei. Dei dreiv horittane bort og busette seg i landet deira, og der har dei budd til denne dag.

23. Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane så langt som til Gaza. Kaftorane som kom frå Kaftor, utrydda dei og busette seg der i deira stad.

24. «Bryt no opp, dra i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender! Gå i gang og ta landet i eige. Gå til kamp mot han!

25. Frå denne dag vil eg la redsle og frykt for deg koma over alle folk under himmelen. Kvar og ein som høyrer om deg, skal bivra og skjelva.»

26. Frå Kedemot-ørkenen sende eg bod til Sihon, kongen i Hesjbon, med fredshelsing:

27. «Lat meg få dra gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre.

28. Maten eg skal eta og vatnet eg skal drikka, kan du selja meg for pengar. Lat meg berre gå til fots gjennom landet,

29. slik Esau-sønene som bur i Se'ir, og moabittane i Ar gav meg lov til, til eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»

30. Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss dra gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort han stivsinna og hardhjarta for å gje han over i dine hender, slik som han no har gjort.

31. Og Herren sa til meg: «Sjå, no har eg teke til å gje Sihon og landet hans over til deg. Gå i gang og ta landet i eige. Legg det under deg!»

32. Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville møta oss til strid.

33. Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren.

34. Samstundes tok vi alle byane hans, slo kvar by med bann og utrydda alle, både menn, kvinner og born. Ikkje éin lét vi overleva.

35. Berre buskapen tok vi med oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke.

36. Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og frå byen nede i elvedalen heilt til Gilead, fanst det ikkje nokon by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.

37. Men ammonittlandet kom du ikkje nær, verken landet langs Jabbok-elva eller byane oppe i fjellet, alt slik Herren vår Gud hadde gjeve oss påbod om.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 2