Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 2:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Før i tida budde emittane der, eit stort og talrikt folk, høgvaksne som anakittane.

11. Også dei blir rekna som refaittar, til liks med anakittane, men moabittane kallar dei emittar.

12. Før i tida budde det horittar i Se'ir. Men Esaus etterkomarar dreiv dei bort. Dei utrydda dei og busette seg der i staden for dei, på same måten som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eige.

13. «Bryt no opp og gå over Sered-bekken!» Og vi gjekk over Sered-bekken.

14. Tida for ferda vår frå Kadesj-Barnea til overgangen over Sered-bekken var trettiåtte år. Då hadde ein heil generasjon av krigarar i leiren døydd ut, slik Herren hadde svore.

15. Herren hadde vendt handa si mot dei, og han utrydda dei frå leiren, til siste mann.

16. Då alle krigarane i folket var døde,

17. sa Herren til meg:

18. «I dag skal du dra gjennom Moab-landet, gjennom Ar.

19. Når du kjem bort imot ammonittlandet, skal du ikkje gå til kamp mot dei og ikkje utfordra dei. Eg vil ikkje gje deg noko av ammonittlandet, for det har eg gjeve i eige til Lots etterkomarar.»

20. Også dette blir rekna for refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar.

21. Dei var eit stort og talrikt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren utrydda dei for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg der i deira stad.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 2