Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 19:7-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Difor byd eg deg: Du skal skilja ut tre byar.

8. Og dersom Herren din Gud vidar ut grensene dine, som han med eid lova fedrane dine, og lèt deg få heile det landet han ville gje fedrane dine,

9. så sant du legg vinn på å halda alle boda og gjer det eg byd deg i dag, og elskar Herren din Gud og alltid går på hans vegar, då skal du leggja endå tre byar til desse tre.

10. For det må ikkje renna skuldlaust blod i det landet Herren din Gud vil gje deg til eigedom, slik at det kjem blodskuld over deg.

11. Men om ein mann ber hat til nesten sin og ligg på lur etter han, går laus på han og gjev han eit slag så han døyr, og han så rømmer til ein av desse byane,

12. då skal dei eldste i heimbyen hans senda folk og henta han heim att. Dei skal gje han over til blodhemnaren, og han skal døy.

13. Du skal ikkje visa han medkjensle. Slik skal du reinsa Israel for den synda som kjem frå skuldlaust blod, og då skal det gå deg vel.

14. Du skal ikkje flytta grensesteinane mellom deg og nesten din, dei som fedrane dine reiste på den eigedomen som du blir tildelt i det landet Herren din Gud vil gje deg for at du skal ta det til eige.

15. Eitt vitne åleine er ikkje nok til å fella ein mann i spørsmål om skuld eller lovbrot, same kva lovbrot han blir klaga for, men med vitnemål frå to eller tre skal saka stå fast.

16. Når eit vondskapsfullt vitne står fram mot ein mann og skuldar han for fråfall,

17. skal dei to mennene som saka gjeld, stiga fram for Herrens andlet for dei prestane og dommarane som då gjer teneste,

18. og dommarane skal granska saka nøye. Og skulle det visa seg at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann,

19. skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med den andre. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

20. Resten av folket skal få høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer ei slik ugjerning hos deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 19