Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 19:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Du skal ikkje flytta grensesteinane mellom deg og nesten din, dei som fedrane dine reiste på den eigedomen som du blir tildelt i det landet Herren din Gud vil gje deg for at du skal ta det til eige.

15. Eitt vitne åleine er ikkje nok til å fella ein mann i spørsmål om skuld eller lovbrot, same kva lovbrot han blir klaga for, men med vitnemål frå to eller tre skal saka stå fast.

16. Når eit vondskapsfullt vitne står fram mot ein mann og skuldar han for fråfall,

17. skal dei to mennene som saka gjeld, stiga fram for Herrens andlet for dei prestane og dommarane som då gjer teneste,

18. og dommarane skal granska saka nøye. Og skulle det visa seg at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann,

19. skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med den andre. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

20. Resten av folket skal få høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer ei slik ugjerning hos deg.

21. Syn inga medkjensle: liv for liv, auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 19